17. mai 2020

7.5.2020

Stranda Bygdalag og Stranda Båtforening ønskjer med dette initiativet å samle flest mogeleg til ei flott feiring av nasjonaldagen. Me gler oss til å sjå både fastbuande og hyttefolk i festpynta båtar med flagg og gjerne hornmusikk.

  • Hindenes og Åsgard grendalag er invitert til å vere med.
  • Hugs sjøvettreglane – bruk redningsvest!
  • I desse koronatider er det viktig at me følgjer smittevernreglane. Me kan få til eit flott arrangement innanfor desse reglane. Me held oss i våre eigne båtar på sjøen, og god avstand mellom      tilskodarar på land, spesielt i båthamna ved avreise og ankomst.

    Søndag 17. mai 2020 kl. 12:30

  • Oppmøte og start ved Marinaen/båthamna ved Hosøy
  • Me samlar båtane på Rødlandsosen til ein kort 17. mai appell og orientering om kortesjen som blir leia av den flotte skøyta «Strandabas».
  • Kortesjen går til Nesbø, over Fluene, rundt Hosøy, til Eidatræ og tilbake til Marinaen ca kl 14:30. Båtar kan slutte seg til eller hoppe av kortesjen undervegs.
  • Me oppfordrer alle som ikkje deltek i kortesjen til å bli med på feiringa frå landsida langs ruta.

HUGS GOD MAT OG GODE KLEDE!

Stranda Bygdalag

DS OSTER til Stranda, laurdag 10. august

7.8.2019

Nordhordland Veteranbåtlag inviterer til kveldstur på Hindenesfjorden laurdag 10. august med DS OSTER, og søndagstur til Gulen dagen etter.

Laurdag den 10 august
Frå Knarvik kl. 0900, og gjennom Alverstraumen, Radsundet og Kjelstraumen, til Fonnes kl. 1155. På Fonnes opnar Kaidagen for 2019 kl. 1200.
Taksten er kr. 150. Born 4 – 16 år ½ takst. Betasuppe, kaffi, vaflar, mineralvatn og iskrem kan kjøpast om bord. Det går buss frå Fonnes senter kl. 1231 og 1704 mot Knarvik og Bergen.

Kveldstur på Hindenesfjorden
Frå Fonnes kl. 1430 til Myking kl. 1645. Frå Myking kl. 1700, Åsgard kl. 1730, Askelandsvåg kl. 1810*). OSTER snur utanfor Kvammaneset og er ved Myking kl. 1900, Åsgard kl. 1920 og til Askelandsvåg kl. 2000.
Taksten er Kr. 100. Born, 3-16 år, ½ takst. Kaffi, vaflar, mineralvatn og iskrem kan kjøpast om bord.
*) Korr. med veteranbuss, Chevrolet 1929-modell, frå Nesbø kl. 17.10. Ta kontakt med Hans Ove 907 56 976 for plassbestilling. Tur/retur vaksne: kr. 100,- born kr. 50,-

 

Dagstur til Gulen søndag 11. august
Frå Askelandsvåg kl. 0830 frå Fonnes kl. 1100. Til Furnes kl. 1200, der er det Kaidagen 2019. Frå Furnes kl. 1400, gjennom Kvigesundet og Eivindvik hamn, forbi Skjerjehamn m/Olavsstatuen, nordom Mjømna til Fonnes kl. 1645. Det går buss frå Fonnes senter kl. 1731 til Knarvik.
Takstar: Askelandsvåg/Fonnes – tur i Gulen – Fonnes kr. 400. Born, 4-16 år, ½ takst.
Betasuppe, kaffi, vaflar, mineralvatn og iskrem kan kjøpast om bord.

Strandanytt

Jubileum Øvreås gravplass 1919 – 2019

23.6.2019

Velkomen til song- og lyrikkprogrammet

 

«MIDT I LIVET»

 

Øvreås kapell, fredag 28. juni kl 19:00

 

 

Med skråblikk på mennesket

 

MEDVERKANDE: Bente Bratlund – forfattar/opplesar

 

Kjersti Wiik – song, Trond Fykse – piano

 

Programmet som er eit song-/lyrikkprogram byggjer på dikt i utval av Bente Bratlund. Dei tek for seg det å vera midt i livet, våga ta sjansar, ta ansvar for eige liv og leva, situasjonar som ein kan både le og gråta over. Alt blir skildra gjennom Bente sine vare og humoristiske dikt, Kjersti sitt songutval og Trond sitt pianospel. Stunda skal vera god for lyttarane samt til ettertanke. Programmet tek omlag 1 t 10 min.  Les mer om programmet.

Stranda Bygdalag

Strandanytt

Velkommen til St. Hans feiring på Stranda

23.6.2019

Foto: Hildegunn Veland Liland

Bygdalaget invitera til St. Hans feiring i båthavna på Hosøy. lørdag 23. juni kl. 18.
Det vert bål på Grønholmen, og grillar og benkar vert sett opp i havna.
Brennbart kan kjørast ut og leggast på holmen. Er noko usikkert, ta kontakt med Kjell Ove Østerbø.

Litt aktivitetar for dei yngste vert det og.
Ta med det du vil ha av mat og drikka, og ver med på ei koselig feiring 😊

Merk: Arrangementet kan verta flytta til gamleskulen på kort varsel

Stranda Bygdalag

Stranda Bygdalag, Strandanytt ,

Øvreås kapell 17.mai 2019

15.5.2019

Strandafolket ønskjer å markera nasjonaldagen ved å leggje ned blomar ved bautaen på Øvreås gravplass, og å kome saman til ei lita hyggestund i kapellet.

Program:

11.30

Frammøte – Blomenedlegging ved bautaen

12.00

Samling i kapellet. Else Klementsen Larsen fortel om Andrew Gjertsen, onkelen sin, som omkom i teneste under krigen. Bygda sine krigsseglarar. Diktlesing og song.

13.00

Slutt på program

Det blir servert kaffi, te, saft, kaker og kjeks.

Parkering langs fylkesvegen.

Stranda Bygdalag

Strandanytt

Bygdebok for Lindås, Myking sokn – julegave til slektsinteresserte

13.12.2018

Bygdeboken for Lindås, Myking sokn, er den ideelle julegave til alle som har slektsrøtter på Stranda eller de andre gårdene i Myking sokn. Boken som er på hele 770 sider, er en gard- og ætte-soge, mange hundre år tilbake.

Bygdeboken koster kr 300 og kan bestilles og hentes hos Anders Veland (Mob: 971 77 656)

Historie

Strandakalendaren for 2019 – utsolgt

3.12.2018

Stranda Bygdalag har igjen laga årskalender med lokale bilete frå Stranda. Vi er stolte av bygda vår, og det håper og trur vi at kalenderen visar. Se alle kalender bileta.

Strandakalenderen 2019, er til sals for 125 kroner (+ eventuell porto)

Fint om du vil støtte Stranda Bygdalag ved å kjøpe kalendaren.

Strandakalenderen er nå utsolgt.

Strandanytt

Veteranbåten DS OSTER kommer til Stranda, 11. august

8.8.2018

DS Oster 001

Bli med DS OSTER på tur!

Nordhordland Veteranbåtlag (NHVL) inviterer til kveldstur på Hindenesfjorden laurdag 11. august med DS OSTER, og søndagstur til Gulen dagen etter.

Laurdag 11. august: Kveldstur på Hindenesfjorden

Frå Myking kl. 1700, Åsgard kl. 1730, Askelandsvåg kl. 1810. Turen går forbi Storøyna ved Eidatræ med retur til Myking kl. 1900, Åsgard kl. 1920 og til Askelandsvåg kl. 2000.
Taksten er Kr. 100. Born, 3-16 år, ½ takst. OSTER har betalings-terminal og Vipps.
Kaffi, vaflar, mineralvatn og iskrem kan kjøpast om bord.

Søndag 12. august: Dagstur til Gulen

Frå Askelandsvåg kl. 0830, frå Fonnes kl. 1100, og til Furnes kl. 1200.
Frå Furnes kl. 1400, gjennom Kvigesundet og Eivindvik hamn, forbi Skjerjehamn m/Olavsstatuen, og nordom Mjømna til Fonnes kl. 1645. Det går buss mot Knarvik/Bergen frå Fonnes kl. 1726.

Takstar: Askelandsvåg/Fonnes – tur i Gulen – Fonnes kr. 400. Born, 3-16 år, ½ takst.

OSTER kan ta passasjerar frå Fonnes til Knarvik, Leiknestangen og Bjørsvik.  Båten går straks alle passasjerane har gått i land på Fonnes, og er i Bjørsvik kl 21.00. Kr 150,- Born ½ takst.
Betasuppe, kaffi, vaflar, mineralvatn og iskrem kan kjøpast om bord.

Strandanytt

Se hvor flott det er på Stranda

1.5.2018

Ari Rosenberg har laget en fantastisk film av den flotte naturen på Stranda, sett fra luften. Her får du se spektakulære scener av Stranda fra steder like i fjæresteinene til over høyeste topp. Det meste fra vinkler du trolig aldri har sett.  Snurr film, len deg tilbake – og nyt det hele.

Strandanytt

Bokbåten kommer til Veland

27.3.2018

Bokbåten på Velandsnes H2016 Randi Veland - Kopi

Lørdag 7. april mellom klokken 10:30 og 12:00  kommer bokbåten Epos til Veland. Programmet “Robotar” ved Magnus Holm, starter omkring klokken 10:30 og passer for alle fra 5 år.

Strandanytt ,