Archive

Archive for February, 1998

Standa misjonslags historie

February 1st, 1998

 I anledning 90 årsjubileet til Stranda misjonslag, skrev Sigurd Rydland et festskrift der han beskrev lagets historie fra starten i 1909 og fram til jubileet i 1999. (Skrivet er litt forkortet.)

 

IMG_0646FESTSKRIFT TIL
STRANDA MISJONSLAGS 90 ÅRSHØGTID

DEI ÅNDSHISTORISKE RØTENE
Mot slutten av attenhundretalet og første tiåret i vårt århundre var det ei sterk åndeleg vekking over store deler av landet vårt. Dette var ei nasjonal, kulturell og kristeleg vakning som greip djupt i folket. Bygdene våre i Nordhordland kom sterkt med i denne vekkinga, og det me kalla lekmannsarbeid på kristen grunn slo djupe røter i folket. Ein gong i året samlast dei mange nye kristenflokkane til stemne, dei kalla det «STORAMØTET» . I eit slikt møte i Andvik 1888 vart «Lindås og Masfjord fellesforening for indremisjonen» skipa.

Johannes Brandtzæg, som først var styrar på emissærskulen i Bergens Indremisjon, og seinare leiar i Kinamisjonsforbundet i mest 40 år, gjesta Myking på stormøte i 1891. Det var da Marta, kona til Sjur Bjorsvik, gjekk den lange vegen frå Bjorsvik for a høyra han. Ho var gripen av kallet frå Kina og fekk i gang arbeid på heimstaden.

KVINNENE GJEKK I BRODDEN
Marta vart so visst ikkje aleine. I vart område kom det etter kvart i gang fire arbeidslag for kvinner: Austfjorden kvinnelag, Gjelsvik og Nesbø kvinnelag, Rødland og Veland kvinnelag, Indre Stranda kvinnelag. Kvinnene bar rokken, karder og ullposane med seg til lagsmøta. Det var ofte borna som sprang kring i gardane og samla inn ull i den tida bøndene klipte suene. Da la dei til side ulldottar til misjonen. Det andelege fellesskapet dei opplevde , og det store arbeidet dei utforde vart omsett på basarane som ofte var bygdefestar.

STARTEN
Austfjorden og Strandes Misjonsforening vart stifta 17. januar 1909. Den første møteboka opnar slik:

«Foreningen for Indremisjon og Kinaforbundet stiftet den 17.1.1909.» Lovene for laget med 9 paragrafar vart vedtekne. Foremålet kjem klå fram i paragraf 1:
«Foreningens formal er inden Mykings sogn at fremme opplysning om forbundet Kinamisjon, samt på Guds ords grund overensstemmende med de evangeliske grundsetninger at virke for Guds riges udbredelse blant hedningene ved at deltage i Misjonens hellige tjening. »

Paragraf 2 fortel sa korleis arbeidet skal utforast:
«Dette sørges opnået ved opbyggelsesmøder samt fester og basarer, efter den nåde Gud gir, til at udbrede misjonsskrifter for derved at give distrigtet en sund misjonslesning, ligeledes søges der at nådegaverne kommer i brug og arbeider for misjonen på den mest frugtbringende måde. »

Kven kan sa vera medlemer i dette nye laget? Paragraf 3 gjev svar:
«Medlemer av foreningen kan enhver mand og kvinde blive, der bekjender sig til den evangeliske bekjendelse og støtter foreningen ved at give vare eller pengebidrag overensstemmende med paragraf  l og 2.»

Paragraf 4 fastset val av styre med 7 medlemer, og paragraf 5 set krav til styrmelemene, og syner leiaroppgåvene.

Paragraf 8 gjev greie for korleis innkoma i laget skal fordelast:
«De gaver som kommer ind til misjonen bliver at fordele til de forskjellige misjoner således, at den ene halvdel gar til den Norsk Lutherske Kinamisjonsforbund, og den andre halvdel fordeles mellem Indremisjon og fatigpleien, dog efter bestyrelsen samtykke og som de finder det nodvendigt.
Men om så at en forening eller et medlem der giver til misjonen selv bestemmer at hans gave udelukende skal tilhøre en bestemt misjon eller andre personer blir det at imødekomme.»

Når «en forening» er nemnt, må det truleg sikta til eit av kvinnelaga.  Ja, slik kom det jubilerande laget i gang. Ein solid og traust grunn var lagd.

STYRING OG LEIARANSVAR
Det første styremøte i laget vart halde skipingsdagen. Med i styret var:
Johannes Gjelsvik, Olai Toft, Lars Andås, Anna Hauge, Signy Veland, Rakel O.Askeland, Olina Hindenes. Laget sin første formann vart Lars Andås, og han var trufast: Han bad seg friteken i årsmøtet 1942 – etter 33 år i denne frivillege tenesta. Nikolai Veland vart så formann i to år. Då tok Sigurd Fykse på seg formannsoppgava fram til 1950. Da tok Ivar Veland over ansvaret i to år. Sigurd Fykse kom att som formann i 1952. Frå 1953 vart det opphald i årsmøta fram ti11957, men rekneskapane vart førde kvart ar.
Årsmøtet 1957 gjorde vedtak om eit par endringar:
Austfjorden hadde skipa eige misjonslag. Dei medlemene som høyrde til der gjekk då ut or det gamle laget. Antall styremedlemer vart redusert frå 7 ti15. Nytt namn på det gamle laget vart no:

STRANDA MISJONSLAG, og kvinnearbeidet vart samla i to lag:

Ytre Stranda kvinnelag, og Indre Stranda kvinnelag.
Sigurd Eknes vart vald til ny formann i laget. Han heldt fram i 15 år – til 1972. Då vart Olav Ro formann i 6 år, til Sigurd Eknes tok over att i 1978. Han er framleis formann og har vore det i 35 år. Nar me no har hatt eit raskt oversyn over dei som har bore formanns-ansvaret i desse nitti åra, vil me ikkje gløyma alle dei som tok på seg andre styreoppgaver. Om alle dei skulle nemnast, ville lista bli lang. Det same gjeld alle dei som ved melemskap, arbeid og offer har vore trufaste medarbeidarar alle desse åra.
Medlemstalet i laget har nok skifta eindel år om anna. Det høgaste medlemstal møteboka vitnar om er omlag 60.

ARBEIDSMÅTAR OG HØGTIDSSTUNDER
Bedehuset BETANIA, som vart bygd i 1904 og er eigd av Stranda Indremisjon, har vore samlingsstaden for arbeidet i alle åra. Ein del styremøter har vore haldne i heimane hjå styremedlemene.
Dei fleste åra har det vore halde årsmøte, basar og haustfest. Da laget nådde 20 år, vart det skipa til jubileumsfest der Johs. M.L.Rydland var talar. Han var i mange år ein avhalden og trufast forkynnar i Lindås og Masfjorden. Mot slutten av trettiåra var tilslutnaden i arbeidet heller liten. I møteboka står det slik i 1939: «Virksomheten har vært særs liten untagen på fester og basarer til inntekter for båe Misjonsgreiner.» Men dette har endra seg under krigen. Vinteren 1940-41 hadde laget gjesting av sekretær Mons Haarvik, misjonaer August Vik, emissærane Helge Bjørsvik, Matias Bjorøy og Sigurd Eide. At sa mange fekk høve til å koma til Stranda same året må vera eit unnatak.
Også i 40-årshøgtida vart det halde gild fest med stor deltaking. Slik var det også. når laget var 60. Til denne festen kom den landskjende misjonæren og forfattaren Asbjørn Aavik som talar. Bodskapen hans gjorde nok eit sterkt inntrykk. No vart det halde jubileumshøgtid kvart 10. år. Ti180-års høgtida kom ein heimbygding – Etiopiamisjonæren Osvald Hindenes som talar saman med redaktøren i Sambandet Johs. Kleppa. Det var god song av SIDON og OSTERFJORDGUTANE, og retteleg høgtid med god festmat.

ØKONOMIEN I LAGET
Det forste arbeidsåret var inntekta kr. 223,77. Men ved 10-årshøgtida var den firedobla – til kr. 881,22, for så å gå tilbake dei neste to 10-åra til kr. 681,92 og 686,51. Samla innkome dei første 40 åra summerte dåverande formann til kr. 33.365,94. Den markante stigninga kom kring 60-års høgtida. Da var årsinnkoma kr. 9.912,74. Ti år seinare nådde den kr. 12.004,- og ved 80-årsjubileet kr. 29.117,30. Og framleis veks innkomene i laget. Rekneskapsåret 1997 nådde opp i kr. 36.839,­Det er klart at også inntektene i eit misjonslag gjev signal om korleis den økonomiske stoda er elles i samfunnet. Men dei tal som her er nemnde vitnar og om truskap i tenesta og det kallet me har til å bera ut evangeliet – både i vårt folk og til unådde folkeslag.
Meldingane som møtebøkene gjev er jamt over nokså korte og knappe. Ein skrivar merkjer seg ut med sers fin bokføring. Me får stort set inntrykk av at arbeidet har vore på det jamne, vitnemål og bøn har ofte hatt rom i møta – også når forkynnarar var med. Laget sine lover legg vekt på at nådegåvene Herren gjev må nyttast i Det heilage samfunnet. Her kan me truleg nå lenger – om Herren enno gjev arbeidsdagar og år før han kjem. Han skal ha all æra og takk for kallet til frelse og kallet til teneste!

Solteigen, Rydland oktober 1998

Sigurd Rydland

Bethania, Historie