Archive

Archive for October, 2004

Bedehuset Bethania feira 100år

October 23rd, 2004

At det har stått bedehus på Veland i 100 år, visste du det? Sundag den 23 oktober var det duka for stort jubileum på Bethania. Full sal vitna om at jubilanten er omtykt. ”Om hundre år er all ting glemt”, er eit sitat av ein kjend norsk forfattar. Men for bedehuset på Veland er det langt frå slik. For i tidas laup har arbeidet som har sprunge ut frå bedhuset sett sitt preg på bygda, og gjer det framleis på ein svært positiv måte. Ving, sundagskule, møter og endåtil ei mannsforening har sitt sete nettopp i Bethania.

Strandaseptetten og ekteparet Ingunn og Alv Magnus Tysse gledde forsamlinga med musikk og song. John Hardang hadde hovudtalen for dagen. Einar Helland stod for eit interessant historisk tilbakeblikk frå 1904 og fram til i dag, og Paul Eknes var møteleiar.

Bethania, Strandanytt

Soga til bedehuset Bethania

October 23rd, 2004

Av Einar Helland

Det var i året 1902 at Myking indremisjon tok opp tanken om eit bedehus på Stranda. På eit folkemøte på Stranda ble det sett ned ein komité på 8-10 personar skulle finna ein høveleg stad. Valet stod mellom Gjelsvik og Hølleland, men komiteen vart ikkje samde, så det ble haldt eit nytt folkemøte om saka den 23. mars 1903. Folket svara samrøystes ja på spørsmålet om dei ville ha eit bedehus. Saken om stadval vart utsett, og det ble satt ned ei ny nemnd på 7 medlemmer. Etter 5 dagar gjorde denne komiteen vedtak om å plassere bedehuset på Skogerinden hjå Baste Hølleland. 14. september 1903 hadde styret i Myking indremisjon hadde møte på Veland, der dei gjorde vedtak om å byggje på Skogerinden.

Det ble valt byggjekomité og folk til å samle inn bidrag til huset. Materialene til huset ble kjøpt inn frå kjøpmann Torgersen i Kobervik. Kjøpesummen var kr. 1000,-, og ble betalt 5.mai 1904. For å innfri kjøpesummen måtte komiteen ta opp lån i Lindås sparebank. Iver M. Hølleland stod som låntakar. Dei andre i komiteen var kausjonistar.

2. april 1904 var ein stor dag på Veland, for då kom galeasen Ragnhild til kaien på Neset med byggjematerialane frå Kobervik. Det var nok stor aktivitet med bering av materialar fram til byggjeplassen på Skogerinden, men 18. april var alt komme på plass, og bygginga kunne ta til.

Arbeidet held fram våren, sommaren og hausten, slik at huset stod ferdig til innviinga 24. oktober 1904. Interessa var stor for i fylgje møteboka, var det møtt fram om lag 400 menneske. Det var såleis nokså trongt. Innviingstalen vart halden av sokneprest Havnsund. Bedehuset fikk namnet Bethania. Om ettermiddagen var det fest som gav eit nettoutbytte på kr 80.000.

Første styre for Bethania vart vald 19. desember 1904. Det fekk slik sammenssetning: Karl N. Rødland, Erik Veland, John Helgesen, Ivar Hølleland og Hans Hosøen. Dette styret satt med få utskiftingar fram til 1917.

I 1917 hadde bedehuset dette styret: Iver M. Hølleland, Hans T. Gjelsvik, John Helgesen, Lars Andås og Karl Rødland. Dette styret satt med ei utskifting fram til 1930.

Eit nytt lovutkast vart vedteke i 1934. Frå paragraf 1 saksar vi: ”Myking indremisjonsslag eig Bethania på Hølleland. Det skal brukast i samhøve med Guds ord og sannkjenninga åt den evangelisk-lutherske kyrkja. ” Dessa lovene stod fram til 1973. Då kom denne endringa i første lina: Stranda indremisjonsslag er eigar av bedehuset Bethania.

Også paragraf 4 vart endra i 1973 til slik ordlyd: Styret for Stranda indremisjon skal også være styre for Bethania. Det fører tilsyn med – og disponerer huset i samsvar med bedehuslovene.

Ei sak som styret arbeidde med over lang tid, var å vigsla huset til kyrkjelege formål. Saka kom først opp i 1934 etter eit skriv frå 41 personar på Stranda. Saka vart oversend Myking sokneråd (styret) med oppmoding om å ta saka opp med soknepresten. Så i 1938 vart det send ny søknad om 6 gudstenester i året. At denne ordninga kom i gang viser eit vedtak i styret for bedehuset i 1942. Det gjaldt ein søknad til Myking sokneråd (styret) om kr. 50,- i årleg godtgjersle for lån av huset til 6 preiker. (- til ved og reinhald)

Arbeidet med kyrkjespørsmålet held fram, og i 1948 var det eit sammøte mellom styret og ei vald kyrkenemnd. Saka var: Samarbeid mellom bedehus og kyrkje, såleis at bedehuset Bethania også kan nyttast til kyrkjeleg bruk. Saka kom oppatt på fleire møte, men trass dette vart ikkje kyrkjeplanane noko av.

I alle desse åra, har bedehuset hatt store påkostingar med mellom anna eit påbygg. Opningsfesten for dette var 22, oktober 1978 med sokneprest Helge Hitland som festtalar. Helsningstale også frå Nordhordland indremisjon v/ B. Steine. Andre storinnkjøp har vært oljeomn og elektrisk omn, stolar, teleslyngje, oppvaskmaskin og overhead. I 1978 vart det gjort vedtak om opparbeid av brønn, og i 1984 vart det vedtak om vøla av salen.

Bedehuset Bethania har vore mykje i dei åra det har vor til. Eg nemner: Samling om Guds ord, feiringar av høgtider som julefestar og andre festar, basarar og gravferder med minnestund. Nemnast må og arbeidet for dei unge med søndagsskule, Yngres, tennklubb og Ving. Dette skapar glede og engasjement.

Under krigen vart huset teke i bruk som kornlager. Det hadde seg slik at då verdskrigen starta 1. september 1939 i Polen føretok dei styrande store innkjøp av korn som dei lagra på passasjerbåtar inne ved Mostraumen. I maidagane 1940 vart mykje av kornet omlasta til sandskuter for lagring på bygdene. Dei nokre lastebilane vi hadde den gongen i kommunane vart sette inn. På Stranda vart bedehuset teke i bruk i første omgang. Eg var sjølv med i lossinga på Ostereidet, men tok turen med til Veland. Det var eit heilt uverkeleg syn som møtte meg då eg kom inn døra, og såg kornbingen som halvvegs fylte bedehuset. Seinare vart kornet fordelt utover hjå gardbrukarane for lagring til det heile vart samla att av dei nye makthavarane.

Kven som var formann dei første tretti åra veit eg ikkje, men frå 1933 er formannslista slik:Johannes Fykse, Nikolai Veland, Sigurd Fykse og Sigurd Eknes. Etter lovendringa med felles styre for bedehuset og Stranda indremisjonslag har bedehuset hatt desse formennene: Sigurd,Eknes, Signy Eide, Olaf Ro, Hans Ove Rød, Sigurd Fykse og Ole Andersen.

I dag (2004) har bedehuset på nytt fått eige styre med Ole Andersen som leiar, Hans Ove Rød som nestleiar og Sigurd Eknes.

Bethania, Historie