Stranda Bygdalag har også i år, laget årskalender med lokale bilder fra Stranda. Strandakalenderen 2010, selges for 100 kroner (+ eventuell porto) og kan bestilles per e-post til bygdelaget:
stranda@ostereidet.no
eller kontakt:
Stein Veland Tlf: 56 35 13 84 Mob: 975 85 032.
Se alle bildene i kalenderen ved å klikke på bildet av kalender til venstre.
Stranda Bygdalag
2009

Frå fakkeltoget 2008
1. søndag i advent (29. nov) kl. 17.00 vert det fakkeltog og tenning av lysa i julegranene på Veland og Rød. Møt opp på Rød eller Veland kl 17.00. Faklar vert seld for 10 kroner per stykk. Ta med mynter. Barn som held fakkel, må gå i følgje med vaksen.
På Strandatun speler hornorkestar julemusikk. Inne i Strandatun sel bygdelaget julegraut og arrangerer juleverkstad for små og store. Ta med naboen og ver med å lyse opp Stranda denne ettermiddagen!
Alle er velkomen.
Stranda Bygdalag
Stranda Bygdalag
2009

Terje Skei
Det var høgt musikalsk nivå og god stemning då bygdelaget arrangerte bygdekveld i Strandatun, laurdag 14.november. Om lag 75, både strandingar og andre, hadde funnet vegen til Strandatun. Bygdekvelden vart leia av Terje Skei som med sin lune humor, fortalte gode sanne og usanne lokalhistorier som fekk latteren til å sitte laust. Med Terje på gitar og Eyolf Sylta på trekkspill danna dei to kveldens orkester.
Dei unge jentene Ane og Ingvild imponerte med kvar sine songar som dei framførte med glans. Då Sondre og Bastian entra scenen tok det heilt av. I høve kvelden, hadde dei laga eigen låt med store kontrastar. Mens Sondre slo laus på slagverket i eit forrykande tempo, fylte Bastian på med gitartonar i eit fascinerande samspel.
Jan Holsen underhaldt med gode trekkspillåtar saman med Terje Skei på gitar. Dei to har tidlegare spelt mykje i lag. Kjell Ove framførde med sikker stemme, fleire gode gamle svisker som var handplukka for kveldens publikum. Malin trefte blink med ein fin, vakker ballade som passa godt, både til ho og tida på kvelden, før Solveig Seljelid avslutta med songleikar og enkel, kjekk folkedans.
Bygdelaget vil takke alle som medverka til å gjera kvelden til det den blei. Utøvarane særskild, men også dei som laga i stand og dei som hjelpte til med ryddinga. Ei spesiell takk til ho som sto på kjøkkenet ein heil dag for å laga varm mat til nær 100. Vidare ein stor takk til alle som møtte. Utan dei ville ikkje kvelden verta av.
Sjå video med små glimt frå bygdekvelden.
Thorleif Rødland
Leiar av Stranda Bygdalag
Strandanytt
2009
Bokbåten Epos er på jubielumstur i november. Denne høsten er det 50 år siden bokbåten gikk sin første tur i Hordaland, og starten på bokbåtvirksomheten i
Norge. Søndag 8. november er bokbåten på Veland mellom kl 15.00 og 16.30. Kulturprogrammet starter kl 16.00 og er denne gangen med Sissel Horndal. Hun forteller fra sin egen bok, Himmelspringeren som er en rørende historie om vennskap, heltemot og saueliv på en gård langt inne i en fjord. Lese mer om bokbåten og kulturprogrammet.
Strandanytt
2009