Archive

Archive for November, 2016

Fakkeltog

November 26th, 2016

img_1576

Velkommen til årets fakkeltog, søndag 27,novenber klokken 16:00 til 18:00
Me startar på Strandatun med ei koseleg stund der det vert pynting av pepperkaker for borna og servering av julegløgg.
Sal av lapskaus.
Me går i tog til Veland og Rød og tenner juletre.
Fakler kr 20.-

Arr. Stranda Bygdalag

Stranda Bygdalag, Strandanytt

Lansering av Bygdebok for Stranda

November 22nd, 2016

Bestillingsskjemabygdebokoppslag-skygge

Velkommen til Strandatun 11.Des kl 16.00, der det vert lansering og salg av Bygdebok for Stranda. Det meste av stoffet i bygdaboka er samla og skriven av Einar Helland og Anders T. Veland. Dei ville så gjerne ta vare på mangfaldet i soga til Stranda-folket på 1900-tallet, blant anna om kvardagsliv,  gardsdrift, næringar og  forening- og lags-arbeid. Etter mange års arbeid er no boka endeleg klar for trykking og vil væra i sal frå 11. desember. Kanskje årets julegåve?

På lanseringa vert det song og diktlesing, demo av digitalarkivet og Nordhordlandskart. Har du eldre bilete som kan være av interesse for fleire, kan me gjera ein avtale om å avfotografere bildet og få det digitalisert.

Det vert servert gratis kaffi/te og kaffimat. Hjarteleg velkommen til eit hyggeleg bygdetreff. Ved forhåndsbestilling av boka, ta kontakt med Einar Helland, Anders T. Veland, Tommy Veland, Thorleif Rødland, Kjell Harald Nedreaas og Paul Eknes.

Du kan forhåndsbestille boken, om du vil. Gå til bestillingsskjema.

einar-h-og-anders-veland

Einar Helland og Anders T. Veland

 

Historie, Stranda Bygdalag

Bokbåten EPOS kjem til Veland

November 5th, 2016

IMG_1660
Sundag 13. november kommer bokbåten igjen til Veland og vert liggjande til kai mellom kl 13:00 og 14:30. Programmet starter omkring kl 13:00 – “Bisk – ein teikneserieforteljing” av Bjørn Ousland.

Saksa frå kulturpogrammet:

bisk

Teikneserieforteljingane om Bisk handlar mykje om venskap, glede og om det å vere redd. Bøkene er særleg gode for dei som nett har lært seg å lese sjølv. Bjørn Ousland fortel om Bisk og venene hans, og viser korleis teikneseriefigurane vert skapt. Programmet høver for barn frå 1. klasse.

 

 

Strandanytt