Archive

Archive for August, 2019

DS OSTER til Stranda, laurdag 10. august

August 7th, 2019

Nordhordland Veteranbåtlag inviterer til kveldstur på Hindenesfjorden laurdag 10. august med DS OSTER, og søndagstur til Gulen dagen etter.

Laurdag den 10 august
Frå Knarvik kl. 0900, og gjennom Alverstraumen, Radsundet og Kjelstraumen, til Fonnes kl. 1155. På Fonnes opnar Kaidagen for 2019 kl. 1200.
Taksten er kr. 150. Born 4 – 16 år ½ takst. Betasuppe, kaffi, vaflar, mineralvatn og iskrem kan kjøpast om bord. Det går buss frå Fonnes senter kl. 1231 og 1704 mot Knarvik og Bergen.

Kveldstur på Hindenesfjorden
Frå Fonnes kl. 1430 til Myking kl. 1645. Frå Myking kl. 1700, Åsgard kl. 1730, Askelandsvåg kl. 1810*). OSTER snur utanfor Kvammaneset og er ved Myking kl. 1900, Åsgard kl. 1920 og til Askelandsvåg kl. 2000.
Taksten er Kr. 100. Born, 3-16 år, ½ takst. Kaffi, vaflar, mineralvatn og iskrem kan kjøpast om bord.
*) Korr. med veteranbuss, Chevrolet 1929-modell, frå Nesbø kl. 17.10. Ta kontakt med Hans Ove 907 56 976 for plassbestilling. Tur/retur vaksne: kr. 100,- born kr. 50,-

 

Dagstur til Gulen søndag 11. august
Frå Askelandsvåg kl. 0830 frå Fonnes kl. 1100. Til Furnes kl. 1200, der er det Kaidagen 2019. Frå Furnes kl. 1400, gjennom Kvigesundet og Eivindvik hamn, forbi Skjerjehamn m/Olavsstatuen, nordom Mjømna til Fonnes kl. 1645. Det går buss frå Fonnes senter kl. 1731 til Knarvik.
Takstar: Askelandsvåg/Fonnes – tur i Gulen – Fonnes kr. 400. Born, 4-16 år, ½ takst.
Betasuppe, kaffi, vaflar, mineralvatn og iskrem kan kjøpast om bord.

Strandanytt