17. mai 2020
7.5.2020
Stranda Bygdalag og Stranda Båtforening ønskjer med dette initiativet å samle flest mogeleg til ei flott feiring av nasjonaldagen. Me gler oss til å sjå både fastbuande og hyttefolk i festpynta båtar med flagg og gjerne hornmusikk.
- Hindenes og Åsgard grendalag er invitert til å vere med.
- Hugs sjøvettreglane – bruk redningsvest!
- I desse koronatider er det viktig at me følgjer smittevernreglane. Me kan få til eit flott arrangement innanfor desse reglane. Me held oss i våre eigne båtar på sjøen, og god avstand mellom tilskodarar på land, spesielt i båthamna ved avreise og ankomst.
Søndag 17. mai 2020 kl. 12:30
- Oppmøte og start ved Marinaen/båthamna ved Hosøy
- Me samlar båtane på Rødlandsosen til ein kort 17. mai appell og orientering om kortesjen som blir leia av den flotte skøyta «Strandabas».
- Kortesjen går til Nesbø, over Fluene, rundt Hosøy, til Eidatræ og tilbake til Marinaen ca kl 14:30. Båtar kan slutte seg til eller hoppe av kortesjen undervegs.
- Me oppfordrer alle som ikkje deltek i kortesjen til å bli med på feiringa frå landsida langs ruta.
HUGS GOD MAT OG GODE KLEDE!