Archive

Posts Tagged ‘2019’

DS OSTER til Stranda, laurdag 10. august

August 7th, 2019

Nordhordland Veteranbåtlag inviterer til kveldstur på Hindenesfjorden laurdag 10. august med DS OSTER, og søndagstur til Gulen dagen etter.

Laurdag den 10 august
Frå Knarvik kl. 0900, og gjennom Alverstraumen, Radsundet og Kjelstraumen, til Fonnes kl. 1155. På Fonnes opnar Kaidagen for 2019 kl. 1200.
Taksten er kr. 150. Born 4 – 16 år ½ takst. Betasuppe, kaffi, vaflar, mineralvatn og iskrem kan kjøpast om bord. Det går buss frå Fonnes senter kl. 1231 og 1704 mot Knarvik og Bergen.

Kveldstur på Hindenesfjorden
Frå Fonnes kl. 1430 til Myking kl. 1645. Frå Myking kl. 1700, Åsgard kl. 1730, Askelandsvåg kl. 1810*). OSTER snur utanfor Kvammaneset og er ved Myking kl. 1900, Åsgard kl. 1920 og til Askelandsvåg kl. 2000.
Taksten er Kr. 100. Born, 3-16 år, ½ takst. Kaffi, vaflar, mineralvatn og iskrem kan kjøpast om bord.
*) Korr. med veteranbuss, Chevrolet 1929-modell, frå Nesbø kl. 17.10. Ta kontakt med Hans Ove 907 56 976 for plassbestilling. Tur/retur vaksne: kr. 100,- born kr. 50,-

 

Dagstur til Gulen søndag 11. august
Frå Askelandsvåg kl. 0830 frå Fonnes kl. 1100. Til Furnes kl. 1200, der er det Kaidagen 2019. Frå Furnes kl. 1400, gjennom Kvigesundet og Eivindvik hamn, forbi Skjerjehamn m/Olavsstatuen, nordom Mjømna til Fonnes kl. 1645. Det går buss frå Fonnes senter kl. 1731 til Knarvik.
Takstar: Askelandsvåg/Fonnes – tur i Gulen – Fonnes kr. 400. Born, 4-16 år, ½ takst.
Betasuppe, kaffi, vaflar, mineralvatn og iskrem kan kjøpast om bord.

Strandanytt

Jubileum Øvreås gravplass 1919 – 2019

June 23rd, 2019

Velkomen til song- og lyrikkprogrammet

 

«MIDT I LIVET»

 

Øvreås kapell, fredag 28. juni kl 19:00

 

 

Med skråblikk på mennesket

 

MEDVERKANDE: Bente Bratlund – forfattar/opplesar

 

Kjersti Wiik – song, Trond Fykse – piano

 

Programmet som er eit song-/lyrikkprogram byggjer på dikt i utval av Bente Bratlund. Dei tek for seg det å vera midt i livet, våga ta sjansar, ta ansvar for eige liv og leva, situasjonar som ein kan både le og gråta over. Alt blir skildra gjennom Bente sine vare og humoristiske dikt, Kjersti sitt songutval og Trond sitt pianospel. Stunda skal vera god for lyttarane samt til ettertanke. Programmet tek omlag 1 t 10 min.  Les mer om programmet.

Stranda Bygdalag

Strandanytt

Velkommen til St. Hans feiring på Stranda

June 23rd, 2019

Foto: Hildegunn Veland Liland

Bygdalaget invitera til St. Hans feiring i båthavna på Hosøy. lørdag 23. juni kl. 18.
Det vert bål på Grønholmen, og grillar og benkar vert sett opp i havna.
Brennbart kan kjørast ut og leggast på holmen. Er noko usikkert, ta kontakt med Kjell Ove Østerbø.

Litt aktivitetar for dei yngste vert det og.
Ta med det du vil ha av mat og drikka, og ver med på ei koselig feiring 😊

Merk: Arrangementet kan verta flytta til gamleskulen på kort varsel

Stranda Bygdalag

Stranda Bygdalag, Strandanytt ,