Archive

Archive for December, 2007

Jul på Hosøy og Stranda for omkring 60 år sida

December 23rd, 2007

Av Dagmar Klementsen Fløvig
Utdrag frå boka “Minne frå Hosøy og bygdene rundt fjorden”.

Jul
Vi gledde oss til jul både born og vaksne. Huset vart vaska ekstra og pynta. Juletreet vart pynta julaftan. Det var ofte ei einebusk, eller ei lita gran i ein trekross på ein krakk. Øvst hadde vi ei stjerne og nokre lenker av små kuler, elles var julepynten mest heimelaga av glanspapir. Vi hadde små levande julelys, men dei fekk berre brenne i små stunder og under tilsyn av vaksne. Fyrstikker og varme var noko vi hadde lært å være varsame med. Vi hadde jo ikkje elektrisk straum.
I taket i stova hadde vi ei stor parafinlampe, ei litt mindre på kjøkkenet, og ei vegglampe vi kunne bære med oss. Til fjøset og til utedoen brukte vi flaggermuslykt. Men pappa hadde også ei karbidlampe som lyste ganske kraftig. Den fikk ingen andre enn han bruke. Vi hadde lommelykter.
Julaftan begynte kl 17.00 med preika i radioen. Då sette alle seg roleg ned og let julefreden senka seg i heimen. Så gjekk vi rundt juletreet og song julesongar før vi sette treet ut i småstova. Vi hadde to stover, men ingen av dei var nokre store. Daglegstova var vel størst. Den inneheldt eit stort stovebord med stolar og krakkar, ein divan, ein kommode og dei raude rokokkostolane og radiobordet. Det var vanskeleg å finna ekstra golvplass til juletreet, difor måtte det ut i småstova, og vart henta inn kvar gong vi skulle gå rundt og synge julesongar.
Julemiddagen var fisk; lettsaltet torsk eller brosme, poteter og heimelaga smør og flatbrød. Vi kunne vera lei av fisk mange gonger, men ikkje på julaftan. Det var ein spesiell god mat då. Etterpå var det sviskesuppe med rosiner. Så var det å rydde av bordet og vente på julenissen. Og det banke på døra etter ei tid, og julenissen med sekken var der. Men det var så dumt at pappa aldri fekk sjå han. Julenissen kom alltid når pappa var ute eit ærend. Vi venta til han kom, før vi opna pakkene. Eg fortalde ivrig om besøket han hadde gått glipp av, og det gjekk mange år før eg forstod samanhengen; kvifor pappa aldri var saman med oss når nissen kom. Då vi var eldre, var det slutt på julenissen. Ein av barna delte ut pakkene som låg under treet.

Vi fekk ikkje så mange julegåver, men var svært spent og glad for dei vi fekk. Det meste var heimelaga klede vi trong, sokkar og labbar, men vi fekk også leikar; som til dømes Ludo, Gnav, Domino, osv. Foreldra våre var mest spent på pakkane frå Bergen. Karolina sendte pakkar, og Fritjof, bror til pappa. Det var stas med kjøpeting frå Bergen.
Julekvelden gikk fort, og vi måtte på lemmen til sengene våre. Alle barna sov to i kvar seng på stovelemmen. Eg trur ikkje vi krangla noko i jula. Då skulle alle vere snille med kvarandre. Pappa var flink til å leika med oss.
Det var to julegåver eg hugsar best. Det var to dokker. Den første var “nyokko”; den fekk eg då eg var 4-5 år. Det var ein mørk kveld før jul. Brått banka det på stoveglaset, og ei raud tøydokke vinka til meg. Men kvar gong eg skulle opne glaset og ta henne, vart ho borte. Det var pappa som ikkje kunne vente til julaftan, men måtte vise den på ei rive opp mot glaset. Då eg opna julegåva, var eg svært glad for “nyokko”.
Den andre var ei tøydokke med porselen-hovud, og mange klede høyrde til. Kleda hadde mamma og søster mi sydd. Då forstod eg kvifor eg måtte legge meg så tidlig om kvelden, og søster mi fekk vere oppe. Eg hadde vore lei meg for dette og protesterte utan å kome nokon veg. Søster mi var eldre og hadde lov å vere lenge opp, var svaret.
Då eg såg alle dokkekleda, skjøna eg kvifor eg måtte til sengs. Eg hadde mykje glede av denne gåva. Det var helst papirdokker vi hadde å leike med. Denne dokka kunne eg gå på tur med.

1.juledag var “innedag” med ekstra god mat. Smultringane hadde vi vore med på å baka før jul. Pappa hadde passa smultgryta på primusen, og vi andre hadde trilla ut kaker. Vi fekk og nokre kaker vi kalla julegeit, og julebrød med rosiner i som var kjøpt på butikken. Til vanleg var det langebrød vi åt.

Middagen var pinnekjøtt og kålrabistappe, og etterpå riskrem. Juleknask hadde vi og; dadlar, fiken, nøtter, appelsiner og eple.

2. juledag var det fast tradisjon med julefest på Betania bedehus på Veland.
Det var tidlig mørkt om ettermiddagen, og vi hadde lang veg frå huset vårt ned til sjøen og motorbåten. Pappa gjekk føre med karbidlampa eller primuslykta og lyste veg. Kunsten var å ikkje gli og dette på glatte berg. Finkleda måtte ikkje bli skitne før vi kom til festen.
Det var ikkje alltid eg greidde dette kunststykke, men datt og skitna meg slik at eg måtte heim og skifte.
Det var også langt å gå frå Velandskaia og opp til Bedehuset. Eg vil tro mamma pusta letta då heile ungeflokken vel var komme inn i bedehussalen.
I mine auge var det ein frykteleg stor sal og høgt under taket. I søre delen var det eit kjøkken, og over kjøkkenet eit galleri med benker. Folk kunne sitje på galleriet og sjå ned i møtesalen.
Salen var delt i to med benkerader under dei store vindaugo. Mennene sat på eine sida og kvinnene på andre sida. Vi var godt kjende med bedehuset frå festar og basarer, men no var der eit stort juletre midt på golvet mellom benkeradane. Eg hugsar ikkje stort om programmet på festane, anna enn at vi likte oss. Truleg var det vel ein tale og gang rundt juletreet av born og vaksne, etterfølgd av matservering. Kvar benk hadde ei fjøl festa bak på ryggstøet. Denne vart hekta opp med to krokar og vart til bord framfor benkeraden bak.
Kvelden gjekk fort, og så var det å ta fatt på den mørke heimvegen. Ofte var det sterke vindar rundt jul og nyttårstider. Pappa og vi borna brydde oss ikkje stort om nokre bølgjer, men mamma stakkar, var redd på sjøen. Ein gong vi runda Kultane, der vinden kunne vera strid, gynga båten fælt. Mamma ropte og græt til vi kom inn på den lune Storevika der bølgjene ikkje nådde oss. Då vart alt det farlege gløymt. Og 4. juledag ville ho på fest att.

I boka kan du lese meir om julefesten 4. juledag, då det var tradisjon med barnefest i skulehuset på Rødland

Historie, Strandanytt

Ny bok: Minne frå Hosøy og bygdene rundt fjorden

December 23rd, 2007

Dagmar Klemmentsen Fløvik som vaks opp på Hosøy, har skrevet ny bok: “Minne frå Hosøy og bygdene rundt fjorden. Boka tek på ein truverdig måte opp livet i bygda, sett med forfatteren sitt syn, frå slutten av 30 åra og fram til 1955.

So fort som samfunnet endrar seg i dag, har forfatteren sett det særs viktig å ta vare på den lokale historia frå bygda si.

Sagt om boka:

Eg anbefaler boka på det varmaste!
Dette er ei kulturhistorisk perle, ikkje berre for Stranda-bygda, men for alle som er glad i lokalhistorie.
Eli Fjelde Vikan

Inntekta av denne boka går til Stiftelsen Strandatun.
Boka koster kr 229,- og kan kjøpast hos:
  • Grete Almås (Stiftelsen Strandatun)
    Tlf.: 56 35 27 82
  • Nordhordland libris
    Knarvik Senter, 5914 Istdalstø
    Tlf.: 56 35 01 15
  • Arna Libris Øyrane Torg, Arna
    Tlf.: 55 24 55 00

Les utdrag fra boken: JUL

Strandanytt

Landskapsfotografen på Stranda

December 22nd, 2007

Mange på Stranda har gjerne hørt om Strandamalerne som i tiden 1940 -1960 masseproduserte landskapsmalerier i et stort antall. Trolig produserte de så mye som opptil 20 000 malerier årlig.
Nå har bygden fått en ung landskapsfotograf, Tord Andre Oen, som gjerne tar opptil 20 000 fotografier i året. Fugler og portretter, i tillegge til landskapsbilder er blant favorittmotivene.
Besøk de flotte og fengslende billedgalleriene på Tords nettside:
Norwegian Landscapes”.

Strandanytt

Gjensidige har gitt 150.000 til gangstier på Stranda

December 16th, 2007

Stranda Bygdalag har i høst søkt Gjensidigefondet om midler til bygging av gangveier på Stranda. Nylig ble søknaden innvilget med 150.000 kroner. Sammenlignet med mange andre som har fått av Gjensidigefondet, er dette et relativt stort beløp.
Gjesidigefondets formål er å skape trygghet og helse. Årets tema var ”Vel hjem”, og gangveier på Stranda kom godt inn under dette temaet.
Gangveier vil kunne gi tryggere veier for fotgjengere, syklister og turgåere. Vi kan også håpe at barn vil fortrekke gangveier som lekeområde i stedet for fylkesveien. Videre kan gangveier bedre vår fysiske og psykiske helse fordi flere vil gå og trivselen øker.
Les mer om søknaden og tildelingen.

Fokus Fylkesvei, Gangveier, Stranda Bygdalag, Strandanytt

Kalender 2008

December 2nd, 2007


Stranda bygdalag har laget årskalender for 2008 med bilder fra Stranda. Kalender selges for 100 kroner (+ eventuell porto) og kan bestilles per e-post til bygdelaget:
stranda@ostereidet.no
eller Stein Veland – Tlf: 56 35 13 84 Mob: 975 85 032.
Bilder av kalenderen finner du ved å klikke på kalenderbildet.

Stranda Bygdalag, Strandanytt

Fakkeltog 2007

December 2nd, 2007

Tradisjonen tro, arrangerte Stranda Bygdalag også i år fakkeltog på Stranda. Det var samling og lystenning av julegran på både Veland og Rød. Omkring 60 små og store strandinger deltok i fakkeltoget som lyste godt opp langs hele ruten til Strandatun.

Etter Fakkeltoget, var det kafé inne på Strandatun med slag av julegrøt, vafler, hotdog, kaffe, brus, gløgg og pepperkaker.

Julenissen kom på besøk og hadde meg seg tegneark og farger og fikk fine tegner tilbake fra alle barna.

 

Juletegninger 2007

Og noen var svært så nysgjerrig på hvem nissen egentlig var. Tegningene som nissen fikk, kan du se her.

Stranda Bygdalag, Strandanytt