Archive

Archive for January, 2010

Korgfest i Strandatun 30. januar

January 26th, 2010

Stranda Bygdalag inviterer til korgfest 30. januar kl 20:00 i Strandatun.
Alle over 18 år er velkommen. Ta med god mat og drikke. Bygdelaget bidrar med brød og smør. Ut på kvelden serverer vi kaffe, is, snacks og mineralvann. Mye god musikk og underholdning ved Kjetil Bighand og Kjellvis
Pris kr 50,- for medlemmer og kr 80,- for ikke medlemmer.

Stranda Bygdalag

Stranda Bygdalag, Strandanytt

Stranda blir med i rydderutene til NGIR

January 22nd, 2010

BossBygdelaget kontakta i dag dagleg leiar av NGIR for å diskutere om Stranda kunne bli med i ryddeordninga som NGIR gjennomfører kvar vår og haust. Kort tid etter vart vi oppringd av leiar som kunne melde at Stranda ville bli med i ryddeordninga allereie denne våren. Det tyder at vi kvar vår og haust framover kan få kasta mykje av det same som på gjenbruksstasjonane, utan å kjøre den lange vegen til Kjevikdalen. NGIR hentar ryddeavfallet på dei vanlege plassane for bossdunkane våre.

Rydderutene kan nyttast til å levera avfall som metall, trevirke (både reint og trykkimpregnert), klede, isolerglas, møblar, hageavfall, elektrisk og elektronisk avfall, kvitevarer, støvsugarar, kablar og leidning, panelomnar, armatur, el-handverkty, PC’ar, musikkanlegg, hårtørkarar, mobiltelefonar, barbermaskiner m.m.

Denne våren blir ordninga gjennomført i løpet av april og blir annonsert både i aviser og på nettsidene til NGIR.

Stranda Bygdalag, Strandanytt

Nyttårstankar

January 2nd, 2010

Kristoffer_1Eit år er over og vi har nettopp satt døra på gløtt til eit nytt. Mange av oss gjør opp status og kanskje vi funderer på kva neste år vil bringe.
Kristoffer Eknes som sist sommar var utsett for en stygg ulykke, har smertelig fått erfare at livet plutselig kan skifte retning. På oppfordring har han ført i pennen sine vonde opplevingar frå året som gikk, samtidig som han fortel kva som har gitt mot, styrke og trøst i en svært tung tid.
Vi har alle godt av å lese Kristoffers egne ord og tankar:

 

Til Alle Standingar

Som fleire av dykk kanskje veit, så har det seg sånn at livet kan gå i forskjellige retningar. Både på godt og vondt. Mitt liv er vertfall sånn, og det er det eg har tenkt å berre nett skrive litt om til dykk. Det har seg nemleg sånn at livet mitt har forandra seg ganske drastisk i løpet av dei siste 6 månadene.

I sommar var eg så heldig at eg fekk meg sommarjobb på Kongshaug Musikkgymnas. Det er ein skule som er drifta av Norsk Luthersk Misjonssamband(NLM) og som eg har hatt gleda av å gå på i 3 år. Skulen har gitt meg mykje, og lært meg mykje, så eg tenkt at å jobbe der oppe hadde vore ein fin måte å få gitt noko tilbake. Planen var at eg skulle jobbe der i 8 veker om sommaren, men det gjekk ikkje heilt etter planen. 19. juli vart eg innblanda i ei alvorleg motorsykkelulykke.

Fra BT: Alvorlig skadet i krasj

Se oppslag i Bergens Tidende

Det resulterte i at eg blei alvorleg skada. Eg blei sitjande fast mellom hjulet og sjølve bilen, som vog 6 tonn til saman, der trykket var på ca 1 tonn. Begge hadde ein fart på 50 km/t. Ettersom eg er avhaldsmann, så var det ikkje promillekjøring og hadde heller ikkje for høg fart. Skadande var likevel svært alvorlige. Eg brakk/knuste bekkenet, fekk lungekollaps og rift i lever. Hud, musklar og sener slitna og ei blodåre fekk skada som resulterte at eg mista 4 liter blod. Eit normalt menneske har mellom 3-5 liter blod, dvs at det var svært kritisk ei stund. I 15-20 minuttar såg det ut som om blodtrykket ikkje ville stige, og dermed få døden som konsekvens.
Etter at dei fekk ordna blødinga, og det såg lovande ut, fekk eg alt mageinnhaldet i lungene. Eg fekk ein senking (Crp) på over 500, og denne skal ideelt sett ligge under 10!. Det førte til at eg vart halden i koma i tre og en halv veke. Deretter fekk eg eit opphald på 2 månadar på Haukeland og 2 månadar på Nordåstunet Rehabiliteringssenter.

Høyres det alvorlig ut? Det var det så absolutt og det har vore tunge tak for å ha komet tilbake til der eg er no. No kan eg faktisk jogga litt, men kondisen er vertfall ikkje betre enn før. Så dei som kjenner meg, veit at då står det ille til på kondisfronten. Eg går no til fysioterapi 3 gonger i veka, noko som eg skal holde på med til mai. Det kan so absolutt vere slitsamt, men det er likevel eit lite offer for ein gevinst så stor som sjølve livet.

Og det er nettopp livet eg sitter igjen med, og det eg så gjerne vil dele med dykk. Det er ein ”ting” som har haldt meg oppe igjennom alt dette. Venner og familie har betydd mykje, men det er lite eit menneske kan gjere for å holde eit medmenneske oppe igjennom noko sånt. Men det er ein som kan akkurat det! Hans namn er Jesus Kristus! Det er Han me har feira no nettopp, i Jula. Det er ingen hand som kan holde ein oppe, som Herrens hand. Det er ingen ord som kan trøste slik som Herrens Ord og det er ingen som kan ta å gje liv, utanom Herren. Det er kanskje rart å forstå, og kan vere vondt og virke urettferdig av og til. Men det er faktisk Han som styrer mellom liv og død. Då tenkjer eg først og fremst i eit evighetsperspektiv. Eg håper at du har livet, for eg vil gjerne sjå deg igjen etter døden frå det jordiske legeme.

Til slutt vil eg gjerne takke for all den støtta eg har fått gjennom både helsingar, kort meldingar, facebook og anna. Det gjer godt å bli satt pris på. Me snakkast på neste lokale ”happening”.

Må de alle ha eit godt, riktig, nyttår!
Med venleg helsing frå Kristoffer Eknes

Les meir på Kristoffers blogg:  Hallao

Avisoppslag:
Alvorlig skadet i krasj
Kristoffer (19) lå tre uker i koma
Mirakelgutten på intensiven

Strandanytt